s.

ein dag i livet

av den 26. juni 2017

Vi åt frukost saman før du skulle jobbe litt i ein hage. Vi hadde vore på bondens marked og no drakk vi eplejus frå Hardanger og åt blåbærsyltetøy laga med honning. Det beste var lefsa med kulturmjølk, og jordbærsafta som minna sånn om bestemor. Da du hadde kyssa meg og gått rydda eg opp og satte på ein dokumentar. Det regna ute, men her kan ein ikkje sitte og vente på fint vêr, så eg kledde meg for ein joggetur. Det regna allereie ganske mykje da eg byrja å løpe, men i løpet av dei tredve minutta eg var ute er eg sikker på at denne byen tok ny nedbørsrekord. Det var store dammer i vegene, det var litt deilig, men litt kaldt å lande i dei. Da eg kom heim var du allereie her. Vi åt litt lefse og tok bussen til ein marknad. Det var ikkje så mykje for oss der, eg var mest imponert over huset vi var i. Vi lurte litt på kva vi skulle finne på, så kom eg på den utstillinga vi hadde prata om. Da vi endeleg kom dit var det berre ein halvtime til dei stengde, men det var nok. Etterpå ville eg heim, så du vart med på det sjølv om du eigentleg berre ville vere i byen. Det var jo ikkje så lenge til vi skulle gå og ete, der du hadde reservert bord. Heime satt du med dataen, prøvde å leie ein bil til sommarferien. Eg sov. Rett før vi skulle gå fann du ut at vi heller skulle ta ein taxi. Eg var glad og ville helst skryte av alt vi skulle gjere, men sendte berre ein snap av oss medan vi venta på taxien. Vi åt tapas. Bakt chevre med aprikossaus og pistasjnøtter. Vi hadde ikkje så mykje å snakke om. Anna enn maten. Baconsurrede dadlar sjølvsagt. Det beste var kveita, det var vi enige om. Den hadde vi berre slengt med sånn i siste liten. Så byrja vi å konkurrere om kven som var best i flest ting. Espresso og créme brûlée. Så ga vi komplimenter. Prøvde å finne på ting vi ikkje hadde sagt før. Etterpå gjekk vi og drakk øl og spela shuffleboard. Eg var best. Halv ti tok vi bussen heim igjen. Det hadde regna meir eller mindre uavbrutt heile dagen. No hadde det slutta. Byen låg delvis i sol. Himmelen var ein eksplosjon, den berre låg der, mellom heisekraner og hustak, og venta på at vi skulle stå i gangen og halde rundt kvarandre og beundre den. Før vi la oss spela vi mariokart. Du var best.

tankefloke

av den 8. mai 2015

Tankane går i ring så eg spring fram og tilbake i kryss og i firkant spring meg ein floke håper tankane ikkje skal nå meg ikkje finne meg i floken i kjerringknuta eg viklar meg inn i for å ikkje måtte vere tanke berre vere til men eg er også frå og skal fram men det går både tilbake og under eg må knyte knute rett eg må kunne løsne lisser lett eg skal ikkje ned eg skal opp no kan dei kome og finne meg eg er ferdig spinna eg er klar for straumen eg er klar for drysset

når eg skal gå

av den 2. april 2015

I ei veke har eg gått rundt og ikkje tenkt men heller ikkje gjort anna enn å tenke, og når eg er på veg til å gå no, så kan eg ikkje gå likevel fordi no er du her og eg må drikke øl fleire øl, men det spelar ingen rolle kor mange for blikket ditt blir ikkje nærare mitt og eg kjem ikkje nærmare deg, og all tida åleine med tankane, det kunne ha vore mange tankar, men det var kun to og den eine var deg og den andre var utan deg og dei erstatta kvarandre men gjekk i ein loop og no hadde eg stoppa på den utan, men no er du her og eg drikk øl fleire øl og eg kjem aldri nærmare meg sjølv, må stoppe på tanken utan deg.

endeleg!

av den 16. mars 2015

Det var ein gong eit ord som ville vere meir enn det var. Dei andre i familien fortalde at det ikkje kunne vere meir enn det allereie var, og at det uansett var bra nok akkurat slik det var. Ordet gadd ikkje å høyre meir på det overfladiske snakket og ein kveld då alle bøkene var gløymd og ingen ord lenger ga meining, rømte ordet heimefrå. Ute i natta vart ordet plutseleg overvelda av ei kjensle det ikkje kjende til. Det må vere dette som er fridom tenkte ordet og fekk med eitt selskap av eit ropeteikn. Endeleg, ropte ropeteiknet, endeleg er eg meir enn berre eit ropeteikn, endeleg er eg saman med eit ord og endeleg gir eg meining. Ja, endeleg, sa ordet og var akkurat nok men meir enn det hadde vore.

bladfall

av den 23. oktober 2014

sola blender meg den gjer meg blind
eg dansar
eller syng hugser ikkje heilt
om det var du eller eg
som ville det mest men
eg er her og du er
over alt og i ein rus
av glede med glede
dansar du og alle andre så
eg legg meg i skei
ventar på regnet