Fram

av den 7. oktober 2013

Vêret blir aldri betre og vinden passerar vindauget mitt kvar dag utan å tenkje seg om, utan å sjå seg tilbake og lure på kor han skal og kva han forlèt. Ballongane krympar for kvar dag. Snart heng alle rett ned, som om lufta har vorte tyngre eller tyngdekrafta har vorte sterkare. Bilane sluttar aldri å rulle opp og ned vegen. Menneska sit ikkje i dei, dei er ikkje ein gong i seg sjølv, det er berre legemet deira som svirrar rundt i miljøskadelege forpestarar. Og blomane i vegkanten døyr og marihønene på blada døyr fordi lufta består av meir eksos enn oksygen og det blir for mykje, dei har klart seg hittil, men no går det ikkje meir. Og menneska kjører på. Dei gir seg ikkje, for dei skal fram, dei må fram, det er berre fram dei skal til og frå. Du kan spørje dei kor dei skal, og dei svarar at dei skal fram, og du kan spørje dei kor dei kjem ifrå, og dei svarar fram. Det er det viktigaste. Det gjelds å halde seg i rørsle. Aldri stoppe opp. Slik som vinden som byksar seg fram utan å sjå seg for. Slår i koll kva det måtte vere som står i vegen, for han skal fram. Menneska klagar på regnet, men aldri på vinden. Regnet dett berre. Menneska likar ikkje ting som dett rett ned. Skal det dette, må det i det minste sprette opp igjen. Vinden dett aldri, han berre flyr rundt omkring i store, pompøse rørsler og lagar skummel lyd. Vinden kan vere skummel, men regnet er aldri skummelt, tenkjer menneska når dei rullar i veg med bilane sine. Vinden kan velte ting og kaste ting rundt, men regnet dett berre rett ned og gjer oss blaute og irriterte. Regnet tar oss ingen veg. Men vinden, derimot, får vindmøllene til å snurre, og dynamoane til å gnistre og vi får elektrisitet som vi kan ha i bilbatteria våre når vi skal på tur, når vi skal oppdage verda og forstå kven vi er og kva vi kjem ifrå og kor det skal bli av oss.

 

 

(Frå 13. mai 2013 i ein annan by.)

1 kommentar

  1. pedro · 11. oktober 2013

    dette lille tekststykket syntes jeg var helt nydelig! det virker som om du både har lest og skrevet ganske mye fra før; veldig fine setninger, presise og rytmiske og ofte er de av den type jeg liker å kalle setninger-som-gjør-flere-ting; det vil si sånne som både forteller noe, men som også avdekker noe annet enn det reint fortellende

    Snart heng alle rett ned, som om lufta har vorte tyngre eller tyngdekrafta har vorte sterkare.

    Menneska likar ikkje ting som dett rett ned.

    disse er bare to av dem: her påstås det ting om MENNESKET, noe som jo er ganske stort og alvorlig, men samtidig så er det så tydelig at disse utsagnene tilhørere én stemme, ette menneske, det er ett unik blikk på verden. det lille ordet ELLER i første eksempel, viser frem tvil og usikkerhet som er fruktbar, melankolsk, litt trist. det er som om stemmen sier: jeg vet ikke helt hva jeg mener (og det er også tekstens styrke: den neddempede og likevel sterke stemmen som snakker). veldig bra! gleder meg til å lese flere tekster!

Legg igjen en kommentar