Alt som skjer rundt og i meg/oss/ingen
av vatten den 18. november 2013
I all forvirringa
renn vatnet rett ned
kjører bilen opp og ned og opp
går trommelen rundt
går alt rundt
i starten kryp sanninga framover
til ho snur
forsvinn
og kjem ikkje att
uansett kor mykje du leitar og grev
trea vaiar i vinden
vinden veit ikkje kor han skal
heng seg fast i vaiande tre
fuglane døyr
dett i bakken
blir liggande på ryggen
bileta heng skeivt
trea står skeivt
sola klarar ikkje å la vera
ho skin
skin og skin
sjølv om ho er lei
skin sjølv om ho har skine i milliardar år og er dritlei
og vi forstår ikkje noko.