Nattegjestene

av den 13. juli 2014

Eg høyrer du syng mellom furutrea, svarttrost
og eg veit ikkje om månen er i ny eller ne,
du blunkar ikkje, slik dei raude ljosa
blinkar med opne auge,
som skiftande trafikkljos
i dei tomme bygatene,
rakettane, gir verda eit lilla skjær
og fall ned mot vassflata
i lysninga på eit vatn,
nokre timar før nattegjestene skal reise
er alt eg har ein gudsforlatt hytte
snart okkupert av våren som skal vakne
og åkrane som skal pløyast

med plogen, gir spøkelsesbeina
dine, støvet av deg, eit haldepunkt
som ei varm hand, som ditt kinn
inntil mitt, hud mot hud,
og pulsslaga dine mot halsgropa mi
lik dei afrikanske trommene i det fjerne,
hjarteslaga i brystet ditt, som no har stilna

Legg igjen en kommentar