i måneskin

av den 11. august 2014

I skuggen av eit kirsebærtre med bare greiner sit vi pal, med verda i hendene, rennande mellom fingre med nylakka naglar. I den augeblinken alt kjem att, klarar vi ikkje å sjå oss tilbake for å finne meining, så vi stirrar framover, rett fram, så langt vi kan, knip auga saman når det byrjar å svi fordi vi ikkje kan blunke. Eit skrik av stille skyt ut av oss og ekkoet ljomar mellom fjella for evig og alltid. Det tar berre for lang tid å forstå at tida ikkje kan oppta oss meir enn vi opptar oss sjølv, eller kanskje kvarandre. Vi sit for tett, klemmer oss mot kvarandre som om verda trengjer oss opp i eit hjørne, det er domens tid, det er no vi må svare for oss og vi må svare riktig, men alt som kjem ut av munnane våre er eit tynt slør av frostrøyk i oktobernatta, månen set farge på stemmane som sit fast i halsen. Dei seier at etter vinter kjem våren, men alt vi anerkjenner er hausten som endeleg dreg kulda tilbake over det dunkande brystet og gjer ord om til røyk, meining om til måneskin.

2 kommentarer

  1. pedro · 18. august 2014

    hei! takk for en nydelig tekst! denne likte jeg kjempegodt; her finnes mange fine tanker skrevet ut i et fint og følsomt språk. jeg likte f.eks at verden renner vekk mellom hendene, det er et fint bilde, med du går lenger og utvider; verden renner mellom fingre MED NYLAKKA NERGLER. dette kan jeg lese på to måter, og jeg liker begge. det mest nærliggende er at det er fingrene som har nylakka negler (nylakka negler signaliserer pynting, fest, et eller annet man har gjort seg flid med, og som derfor virker foruroligende og skaper spenning under treet med verden i hendene); eller så er det at VERDEN renner med nylakka negler mellom fingrene (noe som også er ganske sterkt: det er på vei til å forvinne, men det forsvinner pyntet, ikke sant, akkurat som det finnes folk som sminker seg og tar på seg sine fineste klær før de skal ta sitt eget liv).

    jeg håper ikke du blir skremt av en sånn type NÆRLESNING av teksten, men det er mange slike øyeblikk i teksten din; ladede og komplekse og veldig fine konstruksjoner. det er en sterk symbolikk her, og slik jeg opplever det handler det om tid og ansvar og om bevissthet. hvor er vi? hvem er vi? etc. og du er flink til å skrive i et skjæringspunkt; det finnes noe drømmeaktig over bildene dine, månen som setter farger på stemmene i halsen, stille skrik, fjell og ekkoer. og samtidig er det noe marerittaktig her også, i det samme. og jeg liker at det er et VI som snakker, et kollektiv av stemmer som du har samlet til én.

    takk! gleder meg til å lese flere tekster. og du må bare si ifra om det er noe som er uklart med tilbakemeldingene!

    alt godt

    p

    • vatten · 18. august 2014

      Hei og takk for tilbakemeldinga!
      Det er alltid like interessant å høyre korleis andre tolker tekst som eg har skrive. Når ein skriv, er den teksta som blir til, eit forsøk på å sette ord på bilete ein har i hovudet eller kjensler ein har i ein augeblink. Kva bilete og kjensler desse orda blir til hos andre, er nesten umogleg å forutsjå, spesielt i slike tekster som denne. Når eg skriv, tenkjer eg ikkje så mykje – eg berre skriv. Seinare prøvar eg å analysere og tolke det eg har skrive, og finn det veldig vanskeleg, nesten umogleg, sjølv om det er eg sjølv som har skrive det! Det er eg sjølv som har tenkt og satt saman ord og setningar, og det er sjølvsagt ikkje tilfeldig, det betyr noko, men kva betyr det eigentleg?
      Eg er einig i mykje av det du seier, at det handlar om tid og ansvar og bevisstheit. Det var skrive i starten av august, rett etter sommaren og rett før livet byrjar igjen, dei late dagane er over og ein må ta ansvar for seg sjølv, og for verda og framtida. Men korleis skal vi vite kva vi skal gjere? Tida kjem og går og vi må utnytte ho til det fullaste, men vi anar ikkje kva vi driv med. Vi må ta hand om framtida, men alt vi klarar er å leve akkurat her og no. Er det ikkje frustrerande? Eller er det eigentleg veldig flott? Verda renn gjennom fingrane våre, men det vi legg merke til er lakken på naglane våre. Menneske er sjølvopptatte. Men er det utelukkande ein dårleg ting? Det einaste vi alltid er nødt til å forhalde oss til, er trass alt oss sjølv.
      No spora eg kanskje av litt, men livet er så spennande. Og som du har sagt til folk før, i slike korte tekster tel KVART ORD, og sjølv må eg inrømme at eg er nøgd med ordet «endeleg» i den siste setninga, som gir teksta ei vending som kanskje ikkje er så lett å leggje merke til (eller kanskje den er det, ikkje veit eg som skreiv det sjølv), nemleg at denne frustrasjonen vi kjenner på ei haustnatt er akkurat slik vi likar å ha det! Dei bekymringslause sommardagane er over, og vi kan endeleg føle at alt er forferdeleg igjen. For menneska likar utfordringar og vi likar å føle og drivkrafta i leitinga etter meining er å ikkje klare å finne meining.
      Er det nokon som aldri sit under eit tre og filosoferer?

Legg igjen en kommentar