Frank

av den 28. september 2015

Var på eitt utruleg lærerikt skrive-og inspirasjonsworkshop på laurdag (26.09.15). Då eg kom heim skreiv eg ferdig på nokre av oppgåvane me fekk.

 

Frank

 

Han heit Frank. At han berre skulle bli 29 år, var det ingen som venta. Dei smaragdgrøne auga hans hadde jo nett opna seg. Føtta hans hadde jo nett begynt å gå livets skog, i flotte sko av italiensk skinn, skostørresle 43. Ikkje lett å få tak i så store sko frå Italia. Barna hans skulle aldri få sjå han att. Heller ikkje oppleve at han gifta seg på nytt. Ekskona skulle aldri få sjå at livet til Frank kunne ordne seg utan henne. Verden ville heller aldri få oppleve Frank sine buktalingstalenter. Det kunne hende at det aldri ville skje uansett. Frank var så sjenert over at han ikkje kunne uttale bokstaven r. Den blei berre ein j. Han introduserte seg difor aldri som Frank. Takket vere foreldra hans, hadde Frank fått eit uvanleg etternamn, nemleg Bøks. Det var dette han brukte å introdusere seg med. Eller, det var det han pleide å gjere. Det ville han aldri gjere att. Noko anna Frank aldri ville få oppleve igjen, var hjortejakt. Han elska å jakte. Han kunne gå i timesvis. Opp fjell, ned daler og over elver. Oppleve så mykje idyllisk naturlandskap på jakt etter eit enkelt dyr. Noko av gleda med jakt, var at han kunne dele den eineståande opplevinga saman med bestekompisen sin, Henrik. Det var deira greie. Henrik derimot, ville aldri dra på jakt igjen. Det lova han seg sjølv der  han sto. Pinn stille. Rykande rifle. Ekkoet etter skotet framleis jomande i fjellveggane. Lyden av hjorten medan han sprang vekk mellom buskar og trær. Henrik kunne ikkje fokusere på den vakre naturen han var omgitt av. Kunne ikkje sjå korleis solstrålane som braut seg gjennom blada på trea. Dei mest hardføre blomane som framleis sto stolt på bakken eksisterte ikkje for han. Han kunne berre fokuserte på Frank. Der han låg, livlaus.

1 kommentar

  1. pedro · 29. september 2015

    hei rut!

    så hyggelig at du likte skrivekurset på lørdag, det var kjekt å høre! Og fint å lese teksten om Frank; fine beskrivelser og portrett av denne stakkars mannen; og fint var det også at du ventet såpass lenge med å introdusere henrik og dette vennskapet, som jo både er fint og ender tragisk. veldig fint skrevet! Jeg tenkte også på at en annen ting, i forlengelsen av oppgaven du leste opp på lørdag, dette med de kompisene som var på fest: det slo meg at du er god til å stå utenfor og observere, å se ting på avstand – og det er en fabelaktig evne å ha når man skal skrive. se på ting, tenke på ting, analysere ting mens alle andre kjøtthuene bare prater og prater og avslører seg selv. den som skriver er en slags detektiv, nemlig. håper du fortsetter å sende inn tekster.

    alt godt

    p

Legg igjen en kommentar