Heimafrå

av den 4. august 2016

Det var ein sommar, eg gikk rundt og det var kalde skyar over meg, svarte skyar og flaggermus under brua der eg gikk, eg glodde på det blanke vatnet som var så raudt og mørkeblått at eg nesten falt uti. Eg greip etter ei hand, slik du gjer òg, eg greip tak i lufta som var kald og fuktig, famla rundt med hendene i vêret, velta nesten. Det byrja ikkje å regne enno, fordi endene symde rundt og rundt i ring enno, dei glefsa etter brødsmular frå hagefesten og folkehavet, dei trippa rundt på land og pekka i seg smular frå forlaten åstad, kvakka mot kvarandre, såg ikkje på meg. Eg måtte gå så fort for å ikkje kome for tidleg, men det var allereie for seint. Eg snubla over småstein i kveldsmørket, eg håpa eg ikkje forsvann i det blå vatnet slik som dei andre endene. Sanda knaskra under skoene, det datt tørre blomar ned frå trea, eg måtte passe meg for å ikkje få dei i hovudet, skulle bruka hjelm, skulle hatt på knebeskyttarar for å ikkje dette i bakken. Eg viste finger til dei svarte trea, retta tunge til dei blafrande blada, trappa hardt i bakken så han skulle bli redd og stikke herifrå. Det vart dag eit par månadar etter, og eg sto på tråppa og såg på måsane.

1 kommentar

  1. elinelundfj · 6. august 2016

    wow, for en fin tekst! du beskriver godt den følelsen av fremmedgjøring jeg-personen opplever. det er noe mystisk over dette stedet, vanligvis ville jeg bedt deg om å være mer konkret, men her synes jeg det fungerer veldig godt. ser for meg en bok med slike kortprosatekster – den vil jeg gjerne lese. fortsett sånn!

Legg igjen en kommentar