Havmannen

av den 17. desember 2016

Korleis kunne du gløyme kven du var
då du var ein kval, cetacea,
som pusta ut gjennom holet,
gjennom huda, og ut
i bella blu

og korleis han jamrar seg
med hovudet under havet
utan å kunne la oksygen
og karbondioksid
transporterast
mellom blodet
og Atmos
gjennom
det ytste laget
av kjøt

ut og inn
i saltet

og korleis han kunne gløyme
at menneske ikkje er kvaldyr,
som dykkar, og lagrar oksygen
i spekklagets inste nerve

slik ein ung mann
ville gjømd
demonane sine
i ein djupsvart
kjeller

Legg igjen en kommentar