Var på eitt utruleg lærerikt skrive-og inspirasjonsworkshop på laurdag (26.09.15). Då eg kom heim skreiv eg ferdig på nokre av oppgåvane me fekk.
Frank
Han heit Frank. At han berre skulle bli 29 år, var det ingen som venta. Dei smaragdgrøne auga hans hadde jo nett opna seg. Føtta hans hadde jo nett begynt å gå livets skog, i flotte sko av italiensk skinn, skostørresle 43. Ikkje lett å få tak i så store sko frå Italia. Barna hans skulle aldri få sjå han att. Heller ikkje oppleve at han gifta seg på nytt. Ekskona skulle aldri få sjå at livet til Frank kunne ordne seg utan henne. Verden ville heller aldri få oppleve Frank sine buktalingstalenter. Det kunne hende at det aldri ville skje uansett. Frank var så sjenert over at han ikkje kunne uttale bokstaven r. Den blei berre ein j. Han introduserte seg difor aldri som Frank. Takket vere foreldra hans, hadde Frank fått eit uvanleg etternamn, nemleg Bøks. Det var dette han brukte å introdusere seg med. Eller, det var det han pleide å gjere. Det ville han aldri gjere att. Noko anna Frank aldri ville få oppleve igjen, var hjortejakt. Han elska å jakte. Han kunne gå i timesvis. Opp fjell, ned daler og over elver. Oppleve så mykje idyllisk naturlandskap på jakt etter eit enkelt dyr. Noko av gleda med jakt, var at han kunne dele den eineståande opplevinga saman med bestekompisen sin, Henrik. Det var deira greie. Henrik derimot, ville aldri dra på jakt igjen. Det lova han seg sjølv der han sto. Pinn stille. Rykande rifle. Ekkoet etter skotet framleis jomande i fjellveggane. Lyden av hjorten medan han sprang vekk mellom buskar og trær. Henrik kunne ikkje fokusere på den vakre naturen han var omgitt av. Kunne ikkje sjå korleis solstrålane som braut seg gjennom blada på trea. Dei mest hardføre blomane som framleis sto stolt på bakken eksisterte ikkje for han. Han kunne berre fokuserte på Frank. Der han låg, livlaus.